Jorunn Veiteberg

Det går eit rykte

26 studentar markerer med denne utstillinga at dei har fullført eit master- eller kandidatstudium i kunsthandverk med spesialisering i enten keramikk-, tekstil- eller smykkekunst. Ei eksamensutstilling er noko særleg. For alle som lurer på kvar kunsthandverket er på veg, er det her dei bør venda blikket. Kva som skal reknast som godt eller dårleg, meiningsfullt eller meiningslaust innanfor kunsthandverket, er stadig oppe til debatt. Som desse nyutdanna unge er blitt konfrontert med i utdanninga, finst det ingen endegyldig standard, og tradisjonen kan berre brukast som utgangspunkt. Kvar må finna sitt svar, sin veg.
      Arbeida formidlar 26 ulike og individuelle univers, likevel lar det seg spora nokre felles grunnholdningar. Dei vitnar om tidkrevjande arbeidsprosessar bygd på fordjuping og undersøkingar av teknikk og tradisjon, så vel som eksperimentering. Å vera opptatt av å formidla eit innhald lar seg fint sameina med å utforska det handverksmessige. I denne foreininga av hovud og hand, for å seia det enkelt, er dei på linje med ein sentral tendens i tida. Ryktet går om at  handverket er tilbake både i bildekunst og design etter fleire tiår med vekt på teori, tekst og konsept. Slike rykte er eit omdreiingspunkt i kunstverda, og difor verdt å merka seg. Blant kunsthandverkarane har innsikt i material og meistring av kunsten sine tekniske og praktiske sider, alltid stått sentralt. Difor er ryktet om at andre disiplinar også har oppdaga verdien av dette, ikkje uinteressant. Det vesentlege er ikkje kor vidt det er ”ute” eller ”inne”, ”hot” eller ”not” med materialbasert kunst og handverkskunnskap. Det viktige er at slike rykte skapar uro. For nyutdanna kunsthandverkarar er det godt nytt. Det usikre og enno ikkje etablerte er på deira side. Det er i opningane uvissa skapar at deira kunst kan formast og finna seg ein plass.
      
Jorunn Veiteberg
Gjesteprofessor HDK

 

There’s a rumour in the air

With this exhibition, 26 students are marking the fact that they have completed a BA or an MA in craft art, specialising in either ceramics, textiles or jewellery. A final exam exhibition is something special. This is where all those wondering where craft is heading should be looking. What is to be regarded as good or bad, meaningful or meaningless within the crafts, however, is always open to discussion. As these newly qualified young people have been confronted with in the course of their studies, there is no definitive standard, and tradition can only be made use of as a point of  departure. Every single artist must find a personal path.
    The works represent 26 different individual universes, although certain common attitudes can be discerned. They bear witness to time-consuming work processes  based on in-depth immersion and investigations of technique and tradition – as well as experimentation. To be involved in communicating a content can well be united with exploring the craft aspect. In this combination of head and hand, to put it simply, they are in accordance with a central present-day trend. There’s a rumour in the air that craftmanship is back, both in visual art and design, after several decades with an emphasis on theory, text and concept. Such rumours are a focal point in the art world and therefore worth taking note of. Among craft artists, insight into the material and mastery of the technical and practical sides of art have always been key issues. For that reason, the rumour that other disciplines have also discovered the value of this is not without interest. The essential is not the extent to which it is ‘out’ or ‘in’, ‘hot or ‘not’ when it comes to material-based art and mastery of a craft. The important thing is that such rumours create ferment. For newly qualified craft artists, this is good news. The uncertain and unestablished is on their side. It is in the openings that uncertainty creates that their art can be formed and find a place for itself.

Jorunn Veiteberg Guest professor, HDK